For føresette
Praktisk informasjon om skuledagen, SFO, aktivitetar og viktige dokument.
Skulekvardagen
Ei montessoriarbeidsøkt varer i tre timar. Her blir det gitt presentasjonar og barna jobbar med nytt eller påbegynt arbeid. Barna et gjerne frukt eller ein matbit under denne arbeidsøkta.
Denne måten å organisere arbeidsdagen på gir elevane mogelegheit til djup konsentrasjon og til å fordjupe seg i eit tema over lengre tid utan å bli avbrotne.
1.–7. trinn
- Måndag–torsdag: 08:30–14:30
- Fredag: 08:30–13:30
8.–10. trinn
- Måndag, tysdag, torsdag, fredag: 08:30–14:30
- Onsdag: 08:30–15:30
Klasserommet
Fleksibelt læringsmiljø
Ikkje tradisjonelle skulepultar eller kateter. Barna arbeider ved bord eller på golvet.
Aldersblanda grupper
Barn i ulike aldrar lærer saman og av kvarandre.
Spesiallaga materiell
Kvart materiell har innebygd kontroll slik at barnet kan jobbe sjølvstendig.
Ikkje konkurranse
Fokus på eiga læring og utvikling, ikkje måling mot andre.
SFO
SFO-personalet er der for barna og har eit sterkt ønskje om å skape eit triveleg og trygt miljø. Me legg vekt på leiken fordi barna gjennom leiken lærer og utviklar seg på mange område.
SFO på Hildre
Ope for barn på 1.–7. trinn før og etter skuledagen.
Oppseiing
2 månaders oppseiingsfrist frå den 1. i kvar månad.
Siste oppseiing
Plassen kan ikkje seiast opp seinare enn 1. mars med verknad frå 1. mai.
Årshjulet
Oversikt over viktige hendingar og aktivitetar gjennom skuleåret.
Komande aktivitetar
Komplett årshjul kjem når nettsida er ferdig.
Skulehelsetenesta
Helsestasjon for skuleelevar
Alle elevar har tilgang til skulehelsetenesta. Helsesjukepleiar er på skulen regelmessig og kan kontaktast for samtalar, vaksinasjonar og andre helsetenester.
Kontakt: Ta kontakt med skulen for å avtale time med helsesjukepleiar.
Nyttige dokument
Last ned viktige dokument og skjema.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om skulen.