Kven er vi

Hildre Montessoriskule er ein privat barne- og ungdomsskule på Hildre, som følgjer læreplanen for montessoriskular. Me har SFO-tilbod til elevar på 1.–7. trinn før og etter skuledagen.

Skulen ligg i naturskjønne omgivnadar på kysten av Sunnmøre, rett nord for Ålesund. Her har me fremma Maria Montessori sin pedagogikk sidan me starta opp i 2012. Skuleåret 2025/26 har me 67 elevar fordelt på 1.–10. trinn og 20 tilsette.

Me har fokus på tilpassa miljø til barna sine behov på dei ulike alderstrinna, samt det å lære barna omsorg for miljøet, respekt for kvarandre, tolmod og kva eit ansvarleg val inneber.

Skulebygningen på Hildre

Vår historie

Frå offentleg skule til montessoriskule – ei reise driven av engasjement for barna på Hildre.

1984

Hildre Skule opnar som offentleg skule i bygda.

2009

Kommunen bestemmer seg for å stenge skulen. To av dei tilsette lærarane startar montessoriutdanning.

2012

Hildre Montessoriskule SA opnar dørene for 39 elevar + SFO. Tre nye lærarar startar på montessoriutdanning.

2015

Ungdomsskulen (8.–10. trinn) opnar og skulen blir ein fullverdig 1.–10. skule.

2025

67 elevar og 20 tilsette gjer skulen til eit levande montessorifellesskap.

Møt dei tilsette

20 engasjerte vaksne som brenn for montessoripedagogikk og barna sine beste.

Rektor
Steffen André Kråkenes
Rektor
Ass. rektor
Erin Nicoline Hildre
Ass. rektor

Komplett oversikt over alle tilsette kjem når nettsida er ferdig.

I media

  • "Variert og kjekt på skulen"
    Nordre, februar 2022
  • "- Vil stå skulder ved skulder og støtte øyfolket"
    Bygdebladet, februar 2022
  • "Sommarskule med friluftsliv og dans"
    Bygdebladet, august 2020
  • "Skulen og storhavet"
    Magasinet Montessori, nr. 1/2020
  • "Her angrar dei ikkje på at dei starta Montessori skule"
    Sunnmørsposten, mars 2020

Ledige stillingar

Vil du jobbe på ein skule som set barnet i sentrum? Sjå våre ledige stillingar.

Ingen ledige stillingar akkurat no. Sjekk tilbake seinare, eller send oss ein open søknad.

Vil du vite meir?

Ta kontakt for ein uforpliktande prat, eller søk om gratis prøveperiode.