Kven er vi
Hildre Montessoriskule er ein privat barne- og ungdomsskule på Hildre, som følgjer læreplanen for montessoriskular. Me har SFO-tilbod til elevar på 1.–7. trinn før og etter skuledagen.
Skulen ligg i naturskjønne omgivnadar på kysten av Sunnmøre, rett nord for Ålesund. Her har me fremma Maria Montessori sin pedagogikk sidan me starta opp i 2012. Skuleåret 2025/26 har me 67 elevar fordelt på 1.–10. trinn og 20 tilsette.
Me har fokus på tilpassa miljø til barna sine behov på dei ulike alderstrinna, samt det å lære barna omsorg for miljøet, respekt for kvarandre, tolmod og kva eit ansvarleg val inneber.